Go back


MANNBJØNNEN: Ei dyrehistorie utan sidestykke
Av Bernt Gudrunson Bøe

To sølvkuler, støypte av ein Maria-medaljong, vart udyrets bane. Den siste av kulene trefte ulven i hjartet – med dødeleg effekt. At dyret, som i dårleg utstoppa tilstand vart sendt til Versailles, stinka så fælt at kong Louis VX vart rasande, er ei anna historie!

La bete du gevaudan

Vi kan berre ane dei skrekkforestillingane som uhyret i Gévaudan gav næring til – ispedd mellomaldersk overtru om menneske som i ondskap «gjekk igjen» i dyreham.

Svensk tradisjon – og Selma Lagerlöf

Fransk og nordmørsk tankegang, medrekna den om sølvkula, finn vi att også aust for Kjølen. På plansjen «Om björn i svensk tradition» i dyremuseet på Skansen i Stockholm les vi (mesta som hos Kempe og Bull): «At människor kunne förvandlas till varulvar var väl känd. Men det fanns också en föreställning om att man kunde «gå i björnham». Ham-björnar kunde endast dödast om man laddat geväret med en silverkula.» Plansjen er illustrert med ein bjørn som spelar sekkepipe; eit symbol på «vreide», som er ei av dei sju «dødssyndene».

mannbjønn

I romanen «Gösta Berlings Saga» refererer den svenske forfattaren Selma Lageröf (1858-1940) til den same folketrua - medrekna sølvkula!

Kapittelet «Den stora björnen vid Gurlita-kollen» opnar slik i norsk omsetting: «I skogenes mørke bor vanhellige dyr ...» Så nemner ho ulv, gaupe, hubro (og heks!) før ho held fram: «Og der bor den forferdeligste av dem alle - bjørnen - som har tolv manns styrke og som - når den er blitt slagbjørn - bare kan felles med en sølvkule. Kan noe gi et dyr mer av skrekkens nimbus enn dette at den bare kan felles med en sølvkule? Hva er det for skjulte, forferdelige krefter som bor i den og som gjør den hård mot alminnelig bly?»

Vidare i forteljinga dreier det seg mykje om ein bestemt, forferdeleg og abnorm bjørn - med trekk som er svært likt vår Mannbjønn. Og til slutt blir han felt - av nettopp ei sølvkule!

Eit interessant lokalt poeng er det her at Selma Lagerlöf var brevvenninne med kunstmålaren Dorothea Follestad (1855-1921) frå Stangvik. Som fattig kunststudent skreiv Stangvik-jenta til diktaren og nærmast «tagg» om å få tilsendt ei av Lagerlöf sine bøker – og det fekk ho som gåve! Brevvekslinga innebar gjensidig respekt mellom dei to kunstnarane fram gjennom livet. Og da Dorothea Follestad døde i 1921, sendte Selma Lagerlöf personleg kondolansebrev. Det vil forundre meg om ikkje Dorothea har nemnt Mannbjønnen til diktaren når dei utveksla tankar om Berling-romanen. Eller: Kan til og med Lagerlöf – via Dorothea Follestad - ha visst om hendingane på Nordmøre så tidleg som i 1891, da ho debuterte med «Gösta Berlings Saga»? Skriv ho indirekte om vår «Mannbjønn»?

*

Kor som er: Neste gong du passerer Bjønnastøtta i Haugaskaret eller nyter tur i flott landskap ved Hjelmen, Trodalen, Dragset, Henda eller i Halsa, kan du la tankane svive tilbake til dei dramatiske hendingane her midt i 1770-åra.


© Bernt Gudrunson Bøe. Historien er skrevet i Årbok for Kristiansund og Nordmøre Turistforening 2015

s10

side 1     side 2     side 3     side 4     side 5     side 6     side 7     side 8     side 9     side 10